Agrica AS · Programvare for landbruket
Programvare for norsk landbruk.
Vi utviklar digitale verktøy som gjer det enklare for bonden å ha oversikt og ta gode val for garden.
Visjon
Bonden skal ta betre val ut frå sine eigne tal.
I dag blir det som skjer på garden, registrert mange ulike stader. Vi vil samle alt på éin stad og gjere det om til oversikt som bonden har nytte av i kvardagen.
Om oss
Eit norsk programvareselskap for landbruket
Agrica AS utviklar programvare for norske gardsbruk. Selskapet vart etablert i 2026 og held til i Eiken i Agder.
Vi utviklar verktøya i tett samarbeid med bønder, og testar dei i vanleg drift før dei blir lanserte.
Fakta
- Namn
- Agrica AS
- Org.nr
- 938 463 069 MVA
- Etablert
- 2026
- Adresse
- Rudlendeveien 159, 4596 Eiken
- E-post
- post@agrica.no
Verdiar
Det vi står for
Bonden eig dataa
Data frå garden høyrer til garden. Bonden bestemmer kven som får tilgang, og kan alltid ta dataa med seg.
Utvikla saman med bønder
Vi lagar verktøya i lag med dei som skal bruke dei, og alt blir testa i vanleg drift før det blir lansert.
Laga for norsk landbruk
Tilpassa norske reglar, tilskotsordningar og driftsformer.
Enkelt å bruke
Det skal gå raskt å registrere og vere lett å finne det du treng, ute på skiftet, i fjøset og på kontoret.
Produkt
Anifeed
I beta
Gardsappen som held styr på fôrlageret, reknar ut kva fôringa kostar og seier frå i god tid om grovfôret ikkje held til ny avling.
anifeed.noTa kontakt
Har du spørsmål om Agrica, eller vil du samarbeide med oss? Send oss ein e-post.
post@agrica.no